Bergtok operapublikummet

Sopran Elizabeth Norberg-Schulz og studentane ved Opera Workshop tok publikum med storm i Eid kyrkje i går kveld.

av Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Forkortet fra Sunnmørsposten onsdag 4. juli 2007

 

EID. Sidan forrige helg har Norberg-Schulz vore på plass på Nordfjordeid, som hovudlærar for den andre Opera workshop. Med på laget har ho fått med seg den italienske pianisten og operaspesialisten Sergio Olivia frå operaen i Roma. I går kveld fekk ein oppleve begge, i tillegg til Olaf Eggestad som akkompagnerte på flygel.
Enkelte stykke gjekk rett inn i hjartet då nordfjordingar og sunnmøringar strøymde til meisterkonserten i Eid kyrkje for å høyre song og musikk på høgt internasjonalt nivå. Repertoaret var allsidig, utan utdrag frå kjende operaer. Dei vel 200 frammøtte kunne i staden glede seg over alt frå folketone og lokk til Våren av Grieg.

Lys og glede. Fleire meinte at Elizabeth Norberg-Schulz med si stemmeprakt song lys og glede inn i kyrkja, og paralyserte publikum med fleire Griegsongar – Stambogstim, Margretes vuggesang, Med en vannlilje, En svane, Takk for ditt råd, Frå Monte Pincio og En fuglevise.
Med på meisterkonserten hadde ho med seg studentane Kersti Ala-Murr, Siv Oda Hagerupsen, Katrine Imerslund og Ulla Paakkunainen og Elena Oliva. Dei unge songarane har også store opera-engasjement bak seg. I går kveld fekk ein mellom anna høyre Katrine Imerslund synge J. Kvandal sine Mine visur og Hjuringsvise og lokk, og Ulla Paakkunainen song Den förste kyssen, Säf, säf susa og En sländer av Sibelius. Siv Oda Hagerupsen song Pan av T. Rangström og Ombra mai fu frå Xerxes av Händel, medan Kersti Ala-Murr song Ingel lindudega av E. Tubin og Vater Unser av A. Pärt. Begge fekk dei trampeklapp og rop frå eit entusiastisk publikum.
Likevel var det den vesle dama med den store stemma, Elizabeth Norberg-Schulz, som vekte publikum mest, både med si tolking av R. Strauss sine Die Nacht og Zueignung, og med ekstranummeret Våren av Grieg.

Mektig. For mange var meisterkonserten ei mektig oppleving. Anders Nordbø frå Nordfjordeid var ivrig tilhøyrar.
– Det er artig å høyre på studentane. Dei er utruleg gode. Elizabeth går utanpå dei, men jammen er også studentane på eit høgt nivå, fastslo Nordbø nøgd.
– Du store all verden alt arbeid som ligg bak desse stemmene.

Bildet: Hänsel (Tone Kummervold) og Gretel (Kersti Ala-Murr) imponerte publikum i aulaen då Opera Workshop 2006 hadde sin avslutning med operagalla.