Inderleg meisterkonsert

Dei 14 deltakarane på operaworkshop har vore samla sidan laurdag. Etter tre dagar med undervisning inviterte lærarane Elizabeth Norberg-Schulz og Sergio Oliva til meisterkonsert saman med seks av studentane og pianist Olaf Eggestad.

av Helga Didrikke Sundal
Forkortet fra FJORDABLADET
torsdag 5. juli 2007

Meisterkonserten i Eid kyrkje tysdag vart ei inderleg oppleving. Seks studentar frå Nordfjord International Opera Workshop trollbatt publikum, men i sentrum stod stjerna Elizabeth Norberg-Schulz og dei dyktige akkompagnatørane.

Dei 14 deltakarane på operaworkshop har vore samla sidan laurdag. Etter tre dagar med undervisning inviterte lærarane Elizabeth Norberg-Schulz og Sergio Oliva til meisterkonsert saman med seks av studentane og pianist Olaf Eggestad.

Lita med stor stemme
Gledeleg mange hadde teke turen til Eid kyrkje tysdag kveld. Det vart ei inderleg stund for publikum. Katrine Imerslund, busett på Sandane, opna konserten med folkeviser framført i bunad. Så gjekk det slag i slag med raske sceneskift. Siv Oda Hagerupsen kjenner vi frå Opera Nordfjord si Eugene Onegin-framsyning i fjor haust. Det var gledeleg å sjå og høyre den dyktige mezzosopranen igjen!
Stjerna på konserten var sjølvsagt Elizabeth Norberg-Schulz, den verdskjende sopranen som andre sommaren på rad er lærar på Nordfjord International Opera Workshop. Den vesle kvinna med den store stemma og sitt vinnande vesen trollbatt publikum frå første stund. Ho framførte mellom anna fleire songar av Grieg, svært passande i år sidan det er 100-årsmarkering av komponisten sin død. Men aller best var stjerna i Die Nacht og Zueignung av Strauss og ekstranummeret Våren av Grieg. Fantastisk! Ekstra ros og til pianist Olaf Eggestad som leverte glitrande akkompagnement på konserten.

Italienske stjerner
Den andre workshoP-læraren, Sergio Oliva, har med seg dottera Elena til Nordfjordeid. Ho framkalte dei første “brava”-ropa på konserten då ho song Bellini akkompagnert på fenomenalt vis av faren. Fleire rop vart det utover i andre avdeling, trampeklapp og ståande applaus to gonger til slutt.
Estiske Kersti Ala-Murr og finske Ulla Paakkunainen var òg hyggelege møte. Ala-Murr song som eit fyrverkeri i “Ingel lindudega” av E. Tubin og inderleg, stø og var på “Vater unser” av A. Pärt. Den finske sopranen song tre Sibelius-songar med ei voldsom innleving.
Publikum likte det høyrde og såg på meisterkonserten.